LINDÅS: Det er ikkje tvil i at skøytefeberen har
spreidd seg i Knarvik etter at skøytebana bak Nordhordlandshallen
stod klar. I romjula storkosa både små og store seg på den
etterlengta isen.
– Dette har eg sett fram til lenge. Faktisk kan
ikkje hugsa sist eg stod på skøyter, seier Kristine Berge (13)
ivrig.
Ho fortel at det er ei stund sidan ho fekk høyra om at det skulle
koma skøytebana på grusen bak Nordhordlandshallen i Knarvik. Men ho
har ikkje heilt våga å tru det før ho såg bana med eigne auge
onsdag. Då tok ho nemleg turen saman med venninne Helen Aakvaag, Evy
Renate Eliassen og Sandra Soltveit for å testa skøyteforma.
– Me var heilt i hundre alle saman då me kom ned på bana. Skøyteisen
er heilt super. Me har alt vore her og dansa å kosa oss i fleire
timar. Det skal eg garantera me kjem til å gjera kvar dag framover
også, seier Kristine bestemt.
Første gong på skøyter
Venninnegjengen frå Knarvik var ikkje åleine om å ha det kjekt på
isen onsdag føremiddag. Både små og store, erfarne og mindre erfarne
skøyteløparar var på plass for å prøva isen i det flotte vinterveret.
Nokon hadde til og med skøytene på beina for første gong.
– Eg har ramla minst hundre gonger, men det går bra. Eg synest det
er gøy likevel, seier Julie Bø Snekkevik (4).
Saman med familien var ho i går på isen for første gong i heile sitt
liv. Det er nemleg ikkje kvar dag det er høve til å gå på skøyter i
Knarvik. Det er heller ikkje kvar dag ein kan gå på isen utan å vera
redd for å ramla igjennom.
– Det er heilt topp at me har fått skøyteis her i romjula. Endeleg
kan eg ta med borna mine på isen. All honnør til Atle Bergseth som
har gjort ein kjempejobb for å få dette til. No vonar eg berre at me
med tida kan få ei permanent skøytebane her, seier mamma Bø
Snekkevik.
Elskar skøyter
Også Christer Andrè Morken (8) kunne tenkt seg ei permanent
skøytebane i Knarvik. Han har vore blant dei aller ivrigaste på isen
dei to siste dagane. I dag har han også teke med seg ishockeyutstyr
på bana. Men eigentleg likar han best å berre skøyta bortover isen
det fortaste han kan.
– Det er ingenting i verda som er kjekkare enn å gå på skøyter. Eg
elskar det, strålar åtteåringen.
Han fortel at han før jul såg på dei norske skøytestjernene på tv og
fanga opp nokre triks der. Men Chris Andrè tvilar på at han vert
like god som Lasse Sætre og Eskil Ervik med det første.
– Eg veit ikkje heilt. Då må me i alle fall få ei skøytebane som eg
kan øva på heile vinteren. Det hadde vore konge, seier ungguten med
eit glis.
|
SKØYTEDEBUTANTAR: Frå venstre: Eirik
Træland Hella (7), Julie Bø Snekkevik (4), Frida Sofie Træland
Hella (5) og Marius Sylta (5) stod onsdag på skøyter for første
gong. |
|