Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Stor aktivitet på Gol


Aktiviteten i skøytegruppa på Gol er stor. Forholda på Glitre Stadion er perfekte, og tilgangen til foreldre, ungar og utstyr er god. I vinter er det difor rekordmange som har det ”Gøy på Isen”.

Skøyteisen på Glitre vart opna rekordtidleg i november og har stått i mot alle iherdige forsøk på å smelte bort i dei mange varmeperiodane

Vi har sakna snøen, og i mangel på snøkantar måtte vi flytte KM til fylkesanlegget på Furumo der arrangementet vart prikkfritt avvikla 30.12. Men så kom snøen på nyttårsafta. Siste dagane har det ”lava ned” og Glitre framstår no som eit reint eventyrland med sitt flotte anlegg med hurtigløpsbane, brøyta og islagt indre bane, og ”veslebanen” rundt vestre sving. Ta turen til Glitre; sjå sjølv !

Skøytegruppa har saman med to av sponsorane våre; Eidsgaard Hotell og Pers Hotell, kjøpt inn mykje skøyteutstyr, og gruppa har denne sesongen leigd ut ca 45 par skøyter i ulike storleikar. Resultatet er at vi aldri har hatt så mange vaksne med skøyter på beina før!

Aktiviteten i gruppa er stor. Nisseløpet før jul og familiedagen den 7.1. drog 80-90 frammøtte. Skøyteskulen har over 100 registrerte deltakarar så langt i sesongen, og vi slår nok rekorden frå i fjor (ca 120). Skulane og barnehagane brukar Glitre flittig, og med tilgang til nytt skøyteutstyr og nyslipt utstyr bør opplevinga verte endå betre.
Vi registrerer gjester frå fjern og nær. Skøyteentusiastar frå Lærdal kjem her ofte og trenar, og vi finn løpararar frå nabobygdene; i sær Hemsedal og Ål.

Skøytegruppa arbeider med fleire prosjekt: Fellestrening Gol – Hol vil gje resultat både på kort og lang sikt. Det same gjeld felles barmarkstrening mellom vinteridrettar i Gol. Prosjektet Barn- ungdom på is kan de finne meir informasjon om på idrettslaget si nettside. Dette er eit spennande prosjekt som vert støtta av fleire: NSF, Buskerud Skøytekrets, Idrettslaget/ Buskerud Idrettskrets, Friskliv/ il@skulen, Gol Kommune. Ideen er henta frå Aktiv SK i Oslo og skøytegruppa på Gol vidareutviklar modellen og tilpassar den til våre lokale forhold. Sjå for øvrig Henning Hagelund sitt debattinnlegg på NSFs nettside 12.01.07 ”Konkrete forslag”.

Skøytesporten i Hallingdal er i støtet både nasjonalt og internasjonalt. Vi kjenner til at Radio Hallingdal har planar om direkte radiooverføring frå VM junior i Innsbruck i samband med vår eigen Hallingdals- karusell i februar. To spennande arrangement og ei artig oppleving med skøytesending ”live” på radio med ein halling i fremste rekkje.

Skøytegruppa på Gol søkjer NSF om norgescup og NM dei komande sesongane.

Jau, så menn. Vi er på glattisen. Og der er det moro å vere !

 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.