Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Rulleskeisebane i Nordheimsund

Talentar frå Austevoll Skeiseklubb og Bergen Skøyte Klubb har hatt treningssamling på den nye bana i Nordheimsund. (Foto: Thony Hannevig)


To gonger har opninga av rulleskeisebana i Norheimsund regna bort. Men ho er klar til bruk. ­ Me er interesserte i at flest mogleg nyttar bana, seier Brunjulf Måkestad i Hardanger Skøyteklubb.  To gonger har han utlyst ­ og to gonger har han avlyst ­ opningsmarkeringa av rulleskeisebana mellom Norheimsund kyrkje og grusbana. Årsaka er både enkel og typisk for hausten: regn i bøtter og spann.

 

­ Då vert asfalten så glatt at det er fårleg å skipa til konkurranse på han, seier Måkestad. Utset opninga Han satsar ikkje på at alle gode ting er tre. I staden utset han opninga til våren og vonar på blide vêrgudar som gler seg til sommaren. Då har det gått nesten eit år sidan bana var klar. Planen var å opna bana med fart og spaning. Dei beste skeiselauparane i regionen skulle pila i ring på rulleskeiser. Men i helgene som kjem er dei opptekne. Då er det betre å venta til etter vinteren, meiner Måkestad. Han vonar å få landslagslauparar, som til dømes Eskil Ervik og Lasse Sætre, til å delta i opninga.

 

Måkestad understrekar at det er fritt fram for å bruka bana i haust og vinter. Men fyrst til våren vert det faste treningar med instruktørar. Skøyteklubben ynskjer å kjøpa rulleskeiser som kan leigast ut. Dessutan er vona at skulane vil bruka den vel 150 meter lange bana flittig. ­ Bana ligg fint til og er av ypparleg kvalitet. Me vonar ho vil gje god rekruttering til skeisesporten, seier Måkestad. Han seier skeiselauparane trenar meir og meir på rulleskeiser. Sjølv om underlaget er ulikt og skøytebladet bytt ut med hjul, er det meste likt. Trening av balanse og teknikk kan ein like gjerna gjera på asfalt som på is. Komande sesong skal det til og med skipast til noregscup på rulleskeiser. Måkestad vonar ei tevling kan haldast i Norheimsund.

 

­ Ta omsyn
Men ikkje alle fartøy med hjul er velkomne. Bilar og andre tunge køyretøy bør halda seg borte frå bana. ­ Slitasjen på asfalten er stor, spesielt om bilane har piggdekk. Dessutan dreg dei med seg småstein inn på bana. Steinen er fårleg for dei som går, seier Måkestad.
Han opplyser at avtalen er at bana skal vera open for parkering når det er spesielle tilskipingar i kyrkja. Idrettslaget skal syta for eiga parkering. Til kvardags bør folk parkera utanfor dei gule stripene, i retning kyrkja, seier Måkestad. Bana kostar nokre hundre tusen kroner, men er godkjend som nærmiljøanlegg. Det utløyste om lag 200.000 kroner frå spelepotten.

 

 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.