Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Lite folk på sprint-VM

Eg er ein av mange som kom over fjellet frå Vestlandet (8,5 timars bilkøyring + ½ time med båt) for å komme til Vikingskipet for å sjå sprint-VM. Det var kjekt å være der, like stort kvar gong å være med i den store flotte hallen og sjå strålande prestasjonar på isen.

Det er klart at eit all round stemne ligg nærare folkesjela enn eit sprint-VM, men dei store fartsøvingane er utruleg spennande å sjå frå tilskodarplass, ein greier ikkje å formidle fart og teknikk i forhold til bane på TV uansett kor mange kamera ein har.

Det er frustrerande at så få tilskodarar finn vegen til slike arrangement, og vi har grunna på dette. Her er nokre meiningar omkring dette.

Det er ikkje skapt nok blest omkring sprint-VM i media i førekant. Kven har ansvar for dette? Vi har mistanke om manglande samkøyring mellom arrangørane, NSF og Vikingskipet. Det er vanskelig å finne ut om kva som skjer i Vikingskipet, der er ikkje noko oppegåande internettsider med linkar til billettbestilling. Sjølve billettbestillinga over Billettservice er heller ikkje tilfredstillande, for ein veit ikkje kva slags sete/plass ein har fått føre ein stiller opp. Der burde bære langt betre system for å ”finplukke” billettar nøyaktig der ein vil sitte og på kva slags seter ein vil ha. Hadde vi visst kva vi fann ut då vi kom der, så hadde vi så klart lagt på 100 kr pr dag og fått plassering i betre stolar, å sitte på harde benkar i to dagar utan ryggstø røyner på.

Vi ynskjer at skøyter skal ha ei framtid, og vi ynskjer Vikingsipet alt vel, men eg trur at om ein ikkje sameiner krafter i marknadsføring og legg betre til rette for dei som ynkjser å kjøpe billettar så ser det heller mørkt ut. Det er faktisk veldig mykje folk der ute som er villig til å betale ganske mykje for ei slik oppleving, eg er faktisk sikker på at ein kunne fylle hallen kvar gong. Men då må ein opp på eit høgre nivå på marknadsføring og salg, - i dag konkurrerer ein om merksemd med så mange flinke aktørar at ein lett kjem i gløymselen. Ein kan begynne med å sjå korleis det blir gjort på fotballarenaene.
 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.