Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Dialog NSF-krets/klubb

Syner til både hyggeleg og positivt brev frå NSF til klubben (og krets) utlagt på nettsidene. Men så kom det også i posten i dag. Det er lenge sidan vi har fått brev frå NSF!

Sist laurdag var NSF representert på kretsleiarmøtet til Buskerud Skøytekrets. Positivt, men lei meg for at eg ikkje kunne møte.

Det er gjennom dialog, presentasjon av ulike syn/ meiningar, drøftingar og bryning av meiningar vi saman kan utvikle oss vidare.

Nokre kommentarar til brevet:

Anlegg: Positivt. Men eg vonar arbeidet har som siktemål å ha fokus på meir enn berre nyanlegg. Vi har alt ein del anlegg som også fortener å inngå i ein nasjonal anleggsplan. Nokre lag opplever ein "kamp" om anlegga eller dei grunnareala/ arealverdiane som anlegga representerer. Er det ikkje andre arealkrevjande idrettar, t.d. tradisjonelle sommaridrettar som vil ha utvida tilgang til anlegg om vinteren, så er det handel/ industri, eller andre næringar som vil ha areala/ lokalitetane. Erfaring og døme fins over heile landet. I Buskerud er det nok å nemne kampen om anlegg i Hønefoss, Kongsberg, ja også på Gol merkar vi dette. Felles for både nye og gamle anlegg er drift og økonomiske rammevilkår for drift. Og til drift av tidsmessige anlegg høyrer kostbart driftsutstyr, sikringsutstyr og anna. I eit allidrettslag som Gol IL er truleg drift den største utfordringa vi står over for. Mange i skøytesporten er vane med å drifte anlegga sine sjølve, nokre gonger med litt økonomisk støtte frå kommunen. Men med endra økonomiske føresetnader for idrettslaga så må vi i idretten bruke ein aukande del av vår frivillege tid til drift av anlegg, medan det er aktiviteten, og dei økonomiske rammevilkåra for den vi eigentleg vil/ skal ha fokus retta mot. Utviklinga innan frivilleg lagsarbeid er kan hende ikkje nemnande i vekst? Og snart er også "dessert- generasjonen" borte.

Eg vonar difor at "Vibecke- utvalget" legg opp til ein heilhetleg anleggsstrategi. Det er ei hjelp, men etter mi vurdering ikkje nok å vise til at vi kan bli varmeleverandørar.

Styremøter og ledermøte 2008: Eg avsluttar der eg starta, og ved å vise til NSF's § 20, sitat: "I år med forbundsting holdes et kretsledermøte på høsten". Dette møtet manglar i brevet til klubbane/ kretsane. Kvifor?
 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.