Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Lite folk på sprint-VM

Gunnar Stavøstrand har nokre erfaringar frå sprint-VM 2007 som eg ønskjer å kommentera.

Vi er ein kameratflokk frå Nordhordland som har stor glede av å vera i Vikingskipet ved større arrangement. For å sikra billettar til dei plassane vi har funne gjev oss best utbyte går vi inn på internett og får fram Vikingskipet, - og finn feltet vi ønskjer. Og vi har felt R som favoritt. Så kjøper vi billettar på posten som då set rad og plass på billettane. Då er alt klart. Sist kosta plassbillettane der 320 kr. Der er det sete med rygg! - Vi veit at vi har fått fin vinkel til siste sving og har oppløpssida vis a vis. Topp! Starten på 1000 m er like nedunder oss. Det er ikkje å undrast over at nett i dette området i hallen møter ein mykje gjevt skøytefolk ! Pausane går då nesten altfor fort når ein får godprat med nokon av desse.

Eg er einig med G. Stavøstrand i det,- at det kunne vore gjort mykje meir PR-arbeid i forkant av større arrangement. Og der har vi alle ansvar. - vi som synest skøyteløp er noko av det mest storarta vi kan vera med på. Den store rekrutteringa av publikum må nok hentast frå skøytemiljøa. For gleden av eigne erfaringar frå sporten er truleg for mange ein føresetnad for å ha den rette følinga for kva som føregår.

Fleire av oss nordhordlendingar bur i hytter ved Hedmarktoppen Folkehøgskule nå vi er på Hamar. På skulen kjøper vi og frukost og lagar oss niste. Vi har det svært triveleg der! Hedmarktoppen er 7 km frå Vikingskipet og det har vi funne ikkje er noko problem. Vert hermed anbefalt!
 
Vi bør alle jobba for at skøytesporten får meir rom i media og slik kan få meir merksemd. Vi har mange gode aktørar på skøyer for tida. Av og til klager supportarar og andre over utøvarane. Hugs:Oppmuntring er alltid best! Vi må heller ikkje gjera gleden ved skøyteløp avhengig av at det skal stå norske på toppen.

Neste mål for nokon i gjengen her er Berlin-VM neste år! Og lever vi og har helsa kjem vi nok også att til Vikingskipet!
 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.