Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Gråtekoner

På NSFs debattsider finnes det ein del ”gråtekoner”. Stakkars dere. Det må vera trasig å ta heile Norges skøyteelendighet innover dere. Ingen ”lys i tunnelen”. Død og begravelse. Har lese gjennom, mellom anna, dei 10 siste innlegga til Ben Henry Pedersen:

15.03.08. Peter Mueller = Pyton.
24.02.08. Regionlag = Pyton.
02.02.08. Norge som Skøytenasjon = Pyton.
14.01.08. Skøyter som nasjonalidrett = Pyton.
09.01.08. Skøyter i Trondheim = Pyton.
27.12.07. Leangen Kunstisbane = Pyton.
13.12.07. Rekruttering = Pyton.
11.12.07. Generelt Norsk skøytesport = Pyton.
10.11.07. Skøyteanlegg = Pyton.
10.10 08. Innholdsløse debatter = Pyton.

Eg kunne fortsatt lenge, men gjer meg her. Gravøl er bestilt. Kunne Pedersen og ein del andre tenkt seg å prøvd nokon innlegg med litt positiv vinkling? Kanskje litt kreativitet ?
 
Eg ser at Pedersen har vore aktiv løpar. Utover det kjenner eg ikkje hans bakgrunn.
Likevel, dersom du opnar augo og ser litt rundt deg, vil du kunna finna mange positive moment i skøytesporten i dag. Eg seier ikkje at alt er perfekt, eller at me ikkje skal ha kritiske innlegg på debattsida. Langt i frå. Men eg meiner at me må vera litt meir positiv og ikkje minst kreativ i debatten for å prøva å inspirera både klubbar, kretsar, regionar og NSF til å verta bedre på det meste. Negativitet må vera vår fiende. Kvifor engasjerer ikkje Pedersen seg positivt i skøytemiljøet i Trondheim dersom det er så katastrofalt som det høyrest ut til ?
 
Nedanfor skal eg lista opp 10 positive element i skøytenorge pr i dag. Det er sikkert mange fleire, men det er eit lite bevis for at det ikkje er så ultrasvart som nokon vil ha det til.

  1. Ny bane på gang Kristiansund
  2. Sverre Lunde Pedersen. Truleg det største talentet Norge har hatt på mange 10 år.
  3. Kjetil Stiansen.
  4. Høge sjåartall i NRK, noko som syner at skøytesporten står sterkt i folkesjela.
  5. Bjugnhallen
  6. Det har vel aldri vore fleire tilskuarar under ein World Cup på Hamar som i år
  7. Ny innandørshall i Stavanger snart på gong
  8. Hege Bøkko – eit kjempetalent
  9. Initiativ frå skøyteentusiaster om ny hall og ny giv på Romerike
  10. Ida Njåtun, Espen Aarnes Hvammen, Håvard Lorentsen, Hanne Haugland, gutta frå Sandefjord osv,osv.


(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.