Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Kva vil Ben H. Pedersen oppnå?

Ben H. Pedersen er på krigsstien igjen. Kva vil han oppnå ? Vil han det beste for norsk skøytesport? Neppe. Ingen som skriver på NSF si heimeside er i nærheten av å vera så negativt ”lada” som han.

I mars i år prøvde eg å komma med ein liten oppmoding om å vera litt meir positiv og kreativ, men kva hende? Jo eit svar med ein tirade av fremmedord og ein knusande konklusjon om kor talentlaus mine argument var. No er det eldsjelene i Bjugn som får gjennomgå. Det er takken for at ei bygd/kommune greier å realisera ei kunstisbane med overbygg. Er dette negativt for skøytesporten? Ikkje kan eg forstå det. Me veit alle at Bjugn ikkje er verdens navle, men det står stor respekt av det dei har fått til. At skøytemiljøet i Trondheim ikkje har greid det same, skal vel ikkje Bjugn lida for?

Etter mitt forrige innlegg var Pedersen veldig opptatt av å ”reinvaska” seg frå mine beskyldninger. Men gode hr Pedersen, eg trur alle som leser desse innlegga fint greier å gjera sine eigne vurderingar.

Til slutt Ben H. Pedersen. Dersom du tek eit initiativ overfor alle gode skøytekrefter i Trondheim kan det henda at du/de greier å realisera ei innandørs skøytebane på Leangen. Bruk ditt engasjement til noko kreativt å positivt så slepp du kanskje å ta oppfordringa til Arild Gjerde om å reisa den tunge vei til veteranløp i Bjugn. Kjenner eg Gjerde rett, stiller han nok opp som sekundant på Leangen og. Eg kan tilby meg å vera startar.


(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.