Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Norgescupen

Kan ei mindre rokkering gjera norgescup 1 og 2 endå betre?

Dei første to norgescuparrengementa er unnagjort og NM enkeltdistansar står for døra. Sett frå sidelinja dukkar to spørsmål opp. Kvifor er det så lita deltaking når norgescupen går i Bjugn, trass i at det er så tidleg i sesongen? Det andre er; kva kan ein gjera for at også dei elitelaga som ligg på treningsleir i utlandet kan stilla på i alle fall ein konkurranse før NM saman med dei som trenar heime?
 
Spørsmålet mitt er: Er det vurdert å bytta rekkjefølgje på dei to nc-arangementa? Kanskje det kjem fleire til Bjugn om det er sesongpremiere for dei fleste der, og det er lengre tid til NM? Kanskje det no er for kort tid og lang reise før NM? NM er svært viktig både for dei som har NM som toppunktet i sesongen og for dei som kjempar om plass på representasjonslaga. Og viss det er topp is i Vikingeskipet i ei og ei halv veke før NM ( og to-tre dagar etterpå)så kan kanskje dei som er i utlandet like godt komma hit før norgescupen og stilla i NC2 utan å tapa fartstrening. Det virka som om ein del av utanlandsfararane kom tilbake til Noreg denne helga også i år. Med god is på Hamar kan dei like godt komma tre-fire dagar før, og kanskje stikka innom slekta på vegen også. Og då kan det bli eit verkeleg flott treningsmiljø i Vikingskipet nokre dagar.

Viss ein slik variant slår til så vil ein truleg få fleire deltakarar i Bjugn og få toppa nc2 i Vikingskipet endå meir. Stiller utøvarane i forbundsgruppa og sprintlaget opp der får dei andre i alle fall ein konkurranse før NM der dei får måla seg mot desse. Slik vil også dei ”heimeverande” få ein betre peikepinn på kva dei må oppnå for å rydda seg plass på pallen i NM og få gå verdscup før jul. Og utanlandsfararane vil få langt betre konkurransetrening på Hamar enn i eit testrenn i Berlin med minimal deltaking. Eg kan ikkje sjå anna enn at alle kan dra fordel av ei slik rokkering.
  

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.