Debatt
Titusen takk og farvel
Av Sverre Bengum | 2010-12-14
Det kom ikkje uventa, det
har gått mot slutten lenge. 10.000- meteren er ikkje liv laga. 10.000-
meteren på skøyter vert historie. Nye generasjonar finn den ikkje spennande
nok. NRK opplyser oss om at vatning av is ikkje er spesielt attraktivt
fjernsyn, ikkje på riksdekkande kanalar i alle høve og dessutan lite
etterspurd i utlandet.
For å tekkast fjernsynsstasjonane vert det lansert nye løp og konkurransar,
påfunn som ikkje er på idretten sine premissar, men tvert om er styrde av
folk som bryr seg meir om sjåartal og sin eigen konkurransesituasjon enn av
idretten.
10.000- meteren tilhøyrer den norske folkesjela. Heilt frå første
skøytestemne på sjøisen utafor Akershus festning i 1863 har 10.000-meteren
vore norsk.
Det har seg slik at sprint og korte løp ikkje ligg for nordmenn. Med korte
løp meiner eg alle kortare enn 10.000 meter. Jau visst har vi hatt nokre
raske karar på isen og det er kjekt og flott og slik. Men det er milløpet
som tel. Dei tre første distansane er prologar, innleiande rundar som
byggjer spenninga opp og fram mot dramaet i finalen: 10.000- meteren.
Skøyteløp slukte meg heilt då radioen tok til å overføra dei store stemnene
etter krigen. Eg noterte alle tider, og med alle meiner eg alle. Eg rekna
poeng, la saman og trekte frå og var ikkje å snakka til så lenge sendinga
varde. Det gjekk ikkje alltid like bra med dei norske løparane, dei sleit
litt med kortløpa. Men meisteren vart ikkje kåra før 10.000- meteren var
unnagjort. Vi sette alt vårt håp og von til milløpet.
Det klassiske opplegget for ei god norsk skøytehelg i min barndom kunne vera
som følgjer. VM på Bislett. Den norske favoritten heitte slik som Reidar
Liaklev, Odd Lundberg, Hjalmar Andersen og kanskje Sverre Farstad. Nei ikkje
Farstad, han var ingen milslukar. Men altså, den norske favoritten gjekk ein
brukbar 500- meter, men raske russarar var farleg mykje betre. Den norske
favoritten hadde ingen sjanse til å ta att utlendingen sin poengsum etter
første dagen, jamvel om 5000- meteren var patent. Han tok inn litt, men
langtfrå alt.
Så kom søndagen og 1500 -meter der den norske favoritten gjorde det
brukbart, men tapte litt for mykje til utlendingen.
Men 10.000- meteren. Utlendingen gjekk først og tida vart skræmande god. Den
norske favoritten måtte slå han, utlendingen, med 17 sekund. Ettersom det
ikkje er fleire enn 25 rundar å ta av, så var oppgåva formidabel. Runde for
runde sleit den norske favoritten seg nærmare utlendingen. Ny spenning ved
kvar rundetid. Der tok han eit heilt sekund, kan han likevel greia det? Nei,
denne gongen vart det berre 0,2 sekund. Kva skjer? Viser han teikna til å
stivna? 5 rundar att, han har teke inn 12 sekund, han må knipa eit heilt
sekund på kvar runde no om laurbærkransen skal bli hans. Det er då han
frisknar til, den norske favoritten. Gjennom kroppen strøymer ny kraft,
henta fram frå generasjonars slit i brattlendt li og fjell. Arven frå dei
som kjempa seg fram i djupaste snø og grovaste sjø. Fort, nei fort gjekk det
ikkje, men så skulle dei også langt og halda ut lenge. Det var slik dei
overlevde.
Tre rundar før mål får den norske favoritten sjå ryggen til makker, ein
nederlendar mest truleg. Herfrå og inn er det jaktinstinktet som tek over,
jakta på denne ryggen. Ved siste passering ligg han knappe sekundet bak.
Greier han det? Ja, ein fantastisk sisterunde på 38,5! Han rettar ryggen og
løfter armane over hovudet og tek i mot jubelen.
Og rundt det ganske land hoppar små gutar rundt og lagar gledelydar.
Spenninga er utløyst. Den seige og uthaldande norske favoritten vann over
dei alle til slutt. Difor er 10.000 -meteren norsk. Og no skal den bort,
vraka som kjedeleg. Kva veit desse folka som skal ha alt så kjapt og trendy?
Kva veit dei om å kjenna seg norsk, vera sprekkferdig stolt av å vera norsk
når Ja, vi elsker fyller stova, når vår helt går æresrunden?
Å ja, så får dei ta den då, 10.000- meteren. Dei skjønar så likevel
ingenting.
Men eitt vil eg seia, 10.000- meteren på skøyter har vore ein del av
nasjonsbygginga. Vi nærmar oss 2014, då skal det jubilerast for land og
grunnlov. Då skal det seiast mykje om kva som har samla oss som nasjon. Men
10.000- meteren vert nok gløymd og utelaten. Men eg vil skamlaust påstå at
10.000- meteren har vore viktigare for nasjonsbygginga enn både brudeferder
i Hardanger og stabbur i Valdris.
Så takk og farvel, 10.000-meter. Takk for det du gav barndommen min av glede
og triumf så vel som sorg og vonbrot.
|