Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Flott idrett og gjentekne slengmarknader

Eg er rimeleg oppteken av skøytesporten og freistar få med meg det meste av det beste på fronten. Er rimeleg positivt overraska over sendetida NRK (TV) har gjeve dei siste åra! Ved høve tek nokre ihuga strilar frå bygdene her – nord for Bergen – og tur til Vikingskipet.

Så er det diverre å oppleva ein del vi skulle lika ikkje å oppleva: Negativ omtale av Peter Mueller og dei han har trenaransvar for. Kor ofte må Ove Eriksen gjenta slengmerknadene om trenar Mueller og prestasjonane til Håvard Bøkko, m.fl? Og diverre er Even Wetten med på notane. Heldigvis ser eg av detbattinnlegg at det ikkje berre er eg som reagerer på dette!

Skøytesporten får ingen framgang av slik negativ omtale av lag og trenar. Eg meiner beint ut sagt at vi som er positivt interesserte i sporten og gjer vårt beste for å følgja med, burde vera forskåna frå slikt! Forlengst burde NRK og Ove Eriksen ha fått med seg at det slett ikkje vert sett pris på slike negative kommentarar vi får servert. Omatt og omatt.

Det er ikkje lett å kommentara sport med mange "forståsegpåarar" som kritiske mottakarar, men det bør vera eit tilbakemeldingssystem som leverer signal om kor det vert opplevd! Og ein burde merka det ved endring!

Kort sagt: La skøytesporten verta kommentert med innleving i det som verkeleg skjer på bana. Flett inn god historiekunnskap og gjer det interessant å følgja med. Vis positiv interesse for det som går føre seg på og ved bana. Det er ikkje berre sporten som treng fornying, som det vert terpa på. Det er og naudsynt at alle som vil formidla sporten tenkjer positivt. Og mykje positivt er det å ta med! Og heldigvis er det slik at det no er mange nasjonar som har gode utøvarar. Vi må vel innsjå at dei nordiske landa har relativt få å ta av til rekruttering. Likevel greier både Noreg og Finland å ha utøvarar i verdsklasse!

Den som skriv dette, sto på Bislett under EM i 1962! Og eg gløymer aldri då klassen min skuffa læraren vår ved å klappa i hendene, då ein ung russar fall på 500 m i Cortina-OL og bronsen dermed gjekk til Alf Gjestvang!

Lukke til med positiv interesse!
 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.