Eg trudde ærleg talt at me var ferdig med denne ”tåpelege” debatten om at 10000m skal byttast ut i meisterskap.
 
Kjære Terje Andersen og styret ditt. De er totalt i utakt med resten av skøytenoreg. Dersom de hadde hatt ”antenna” litt ute, kunne de nytta tid og krefter på andre og mykje meir viktige ting. Gjer noko med World Cup. Den er ikkje god nok og har liten appell til det breide publikum. Her er mykje å gripa tak i. Lat allround vera slik det er. Både Holland og Norge ”elskar” denne forma for skøyteløp. Især 10 000m.
 
Underteikna og mange med meg meiner at de som styrer skøytenoreg bør leggja arbeidsinsatsen til andre områder. Det kan nemnast med tre ord:
ØKONOMI – REGIONETABLERING – TRENARUTVIKLING. Kjem desse momenta på plass, trur eg mykje rettar seg.

Eg må vera så ærleg å sei at sjølv om Budapest er ein fin by, ynskjer eg ikkje fleire slike meisterskap. Har me ikkje fokus på dei rette tinga, er eg redd for at det kan skje att snarare enn me likar.
 
Negativ? Ja, kanskje, men eg er utruleg glad i skøytesporten og ynskjer berre at me skal arbeida med dei rette tinga og ikkje ”rota” med ”sjela” i sporten.

Lukke til med arbeidet vidare.