Etter at me no har fått ut den første reaksjonen etter at forbundet ville bytta frå 10 000m til 3000m, må me byrja å tenkja kreativt, slik at me gjennom ein open debatt kan finna alternative løysingar for kva som skal til for å gjera skøytesporten og meisterskapa attraktiv både for publikum og ikkje minst TV. Det er jo etter kvart media som styrer det meste innan idretten anten me likar det eller ikkje...

Eg har ikkje alle løysingar, berre nokre få innspel og spørsmål kring temaet etter mange reiser i inn og utland på ulike meisterskap. Under OL i 1994, hadde me trommevirvel før kvart par skulle starta. Dette var ein liten detalj som fekk folk sin oppmerksemd. Burde dette komme inn att? Kunne me fått ein meir intim stemning og fokus på løparane om me hadde dempa den generelle belysninga og heller fylgt løparane med spotlight? Kunne me gjort vatningspausane kortare? Kanskje 3 prepareringsmaskiner? Preparering av oppvarmingsbanen berre 1 - 2 gonger?

Holland har Kleintje Pils. Kva har me i Noreg? Ingen ting ? Me MÅ få til noko underhaldning i alle pausane, samt framfor stemnestart. Kva med DDE på indre bane? Dei skulle vel greia å skapa til "trøkk"? I Tyskland har dei Gluwein og Jæger te. I Noreg har me? Trur me må lempa litt på restriksjonane. Det vil alle tena på. Nokre har skrive før meg, at de kan gjerast noko med trekkinga. Kvifor skal dette gøymast bort på eit eller anna avsidesliggande hotell ? Trekk dette inn i sentrum av Hamar/ eventuelt andre stader og lag litt show rundt det. Trekking for dag 2 kan kanskje til og med vera i hallen umiddelbart etter løpa laurdag ?

 Resultatservicen er heilt avgjerande. Tavlene må innehalda dei opplysningane publikum treng for å følgja med . Me må tenkja mest på dei av publikum, som kanskje ikkje reknar poengsummar eller noterer passeringstider, slik at dei også kan finna spenningsmomentet opp mot tidlegare løparar og ikkje berre mot par kammerat. Her har V. Stenberg tidlegare gjort greie for nokre moment som Erfurt har i sin "tavlemeny". Det er og viktig at speaker er engasjerande og korrekt i sine opplysningar. Samt at sjølve anlegget fungerar tilfredstillande og kan høyrast rundt heile banen. 3 dagars stemna må bort når det gjeld all round. Elles vert det for langdrygt. I alle fall i Noreg. Dersom ein skulle forsvart 3 dagars stemne, føler eg at ein skulle slått saman sprint og allround. Då ville publikum fått servert alt på eit brett. Kanskje sprint fredag - laurdag og all round laurdag - søndag ? Trur og at ein bør heva grensa frå 1 til 2 løparar som automatisk er kvalifisert frå arrangørlandet. Korleis me snur og vender på det, er det sine egne publikum i arrangørlandet vil sjå. Tenk om me i verste fall berre skulle hatt med ein løpar på Hamar i februar ? Kjipt.

Når det gjeld stemnetilbodet generelt, meiner eg at det er altfor få stemner i løpet av ein sesong. Me må tola å konkurrera like mykje som langrenn og skiskyting. Når det vert for lange pausar, "gløymer" publikum oss. Det er World Cup me må gjera noko med først og fremst. All round meisterskapa trur eg me skal vera i fred inntil vidare. Det er trass alt dei som fengjer publikum både i Holland og Noreg. World Cup på skøyter jar ikkje på nokon måte oppnådd den status som innan ski og skiskyting, så her er mykje å gjera. Me har sett nokre spede framstøyt siste åra, men eg trur ikkje det rette konseptet er funne. Det er ein hårfin balansegong mellom å ikkje gjera eit stemne for langt, samstundes som ein skal passa på at nasjonar ikkje vert utelukka frå å delta. Skøytefamilien er ikkje større enn at me må ha med alle. Eit grelt eksempel på dette fekk me i Erfurt i november. Det var ein katastrofe både arrangement teknisk og i tids utstrekk. Elles meiner eg at det gjerne kan leggjast inn ein liten 4 kamp i World Cup, men då må der ikkje vera andre øvingar same helga, elles vert det berre surr.

Eg tykkjer og at det bør vera ein type europacup for dei nest beste. Det er viktig at det og vert gjeve eit tilbod til våre nest beste, slik at dei har noko å strekkja seg etter, også utanfor Noregs grenser. Før hadde me 3 bahn tourne. Kunne det konseptet vore bygd vidare på og blitt til noko interessant ?

Eit anna moment som eg er særs oppteken av, er tilgongen på skøyter. No før jul, har eg saumfart alle reklamer som har komme i postkassen. Frå Intersport, MX sport, G sport med meir. Her kan ein finna reklame for alle typar skøyter, forutan lengdeløp skøyter. Korleis skal den oppveksande slekt på kjennskap til vår idrett, når dei ikkje ser skøyter i nokon reklame ? Under jule trea skulle det lagt på tusen vis med læreskøyter og andre skøyter for litt vidarekomne, men eg trur dessverre at det er avgrensa, nettopp fordi det ikkje er marknadsført. Dette MÅ me gjera noko med. Den einaste reklamen eg har sett for skøyter i vestlandsavisene, er frå Sykkelsenteret i Bergen.

Vel, dei siste to avsnitta var berre eit påheng i debatten, men likevel viktige nok.

Samla sett vonar eg at Skøyteforbundet vil ta debatten saman med resten av skøyte Noreg om kva endringar, store eller små, me skal føreslå til ISU kongressen til våren. Har nokon forresten spurt dei aktive kva dei vil og kva tankar dei har om idretten sin ?

Lukke til!