Eg har med stor interesse følgt reaksjonane på meldinga frå styret i Norges skøyteforbund om at ein har meldt inn eit framlegg til ISU-kongressen om å byta dei to lengste distansane i allroundmeisterskapa til stuttare distansar for å kutta ned på tida.

Reaksjonane vitnar om stort engasjement, interesse for tradisjonane og tanke for framtida. Framfor alt virkar det rett at diskusjonen har utvida seg til å handla om heile det internasjonale sesongprogrammet. Som publikumar utan kontakt med aktive skeisemiljø saknar eg eit vake blikk for den utviklinga vi no ser: Stadig fleire nasjonar stiller i verdscupen med seriøse løparar. Dei siste åra meiner eg å sjå at skeisesporten har kome inn i same utviklinga som vi har sett i ulike skisportar heilt frå 1970-talet, nemleg at fleire nasjonar enn før har aktørar som kan nå gode plasseringar på einskilddistansar i verdscupen, og etterkvart meir og meir i dei regionale allroundmeisterskapa. Kring 15 nasjonar kan eg telja så langt. I tillegg syner einskildløparar frå endå fleire nasjonar stor framgang. Sjå berre på den 16 år gamle jenta frå Tsjekkia som slo gjennom på Hamar i november. Ho er svært nær ved å bli a-gruppeløpar på langdistansane for senior!

Dette gjer at det vil bli stadig større krav til dei som skal kvalifisera seg til allround-VM. Sjå berre kor stor framgang mange av b-gruppeløparane i verdscupen har hatt i år samanlikna med tilsvarande stemne i fjor! Skal desse løparane og nasjonane vera interesserte i allround så må dei få lov til å gå. Det seier seg sjølv. Dette kan ein oppnå ved å auka deltakartalet i dei regionale meisterskapa (EM og dei to andre) og i allround-VM. Eg meiner det er stort behov for å auka deltakartalet frå 24 per kjønn til 32 alt no. Eg kjenner ikkje til om dette spørsmålet er med i skeisestyret sine vurderingar. Men, i alle fall så må ein for å få dette til avvikla dei to lengste distansane raskare. Vi er vel mange som er glade i dei lengste distansane for båe kjønn. Ei endring i firkampen vil diskvalifisera løparane som har 5 000 (kvinner) og 10 000 (menn) som favorittdistansar. Skal ein først ha allround så bør distansane vera så forskjellige at dei stiller ulike krav til utøvarane. Men då trur eg vi må godta endringar i arrangementsopplegga tilpassa talet på nasjonar, eit noko breiare publikum og media. Det kan ordnast slik at ein likevel tek vare på den allroundkombinasjonen vi er vane med i dag.

Eg kan ikkje sjå anna enn at ein då lyt sjå på A) å køyra to distansar fredag ettermiddag i allround-meisterskapa. B) å køyra kvartettstart i så mange par som nødvendig for å få kortare avviklingstid på dei to lengste distansane for kvart kjønn. Då med start bakanfrå slik at dei beste para alltid går tosaman. C) ikkje gjera endringar i det heile.

Ved det siste valet blir mange nasjonar haldne utanfor allround-VM, som i dag. Og det blir neppe fjernsynssendingar frå fleire land. Samstundes risikerer nummer to-nasjonane å få dårlegare representasjon rett som det er på grunn av hardare konkurranse. Noreg er i faresonen for båe kjønna. Kor lenge vil norsk TV senda direkte frå allround-VM om vi held fram med å få to-tre deltakarar til saman for båe kjønna?

Vi vil truleg sjå alt til EM om få dagar at både Tyskland, Russland, Sverige, Italia, Polen og Belgia (herreklassen) har same ambisjonane som oss; å få ein deltakar meir til VM allround på ordinær kvote enn dei fekk i fjor. Tilsvarande, men dels for andre nasjonar på kvinnesida. Så mange er det ikkje plass til. Nokon lyt bli vonbrotne. Og fleire nasjonar til nærmar seg. Og i Asia kjem Sør-Korea og Kina til å ta plassar frå Japan om ikkje lenge. VM i Gøteborg sist vinter hadde neppe vorte svakare om folk som Frank Dittrich, Øystein Grødum og Bart Veldkamp hadde fått bli med på grunn av større deltakartal.

Når det gjeld verdscupen så meiner eg at det er heilt rett å starta så tidleg som ein gjer. Men dei tre første verdscuparrangementa kunne godt ha omfatta alle distansane og gått over tre dagar. Det kunne ha vorte ein pangstart på sesongen! Det hadde vore artig om ISU hadde gjort klart eit slikt opplegg og reist rundt til fjernsynsselskap i dei 14-15 mest aktuelle nasjonane og presentert eit opplegg for sending av store sendeflater tre helgar på rad. Med sprintdistansane med så vil opningshelgene bli interessante for heile skeiseverda.Tenk berre på Finland og sprintnasjonane i Asia og Amerika! Når dei to første verdscupane går så tidleg som no så er skisporten knapt i gang med verdscupen, og fotball må ein konkurrera med einkvan staden i verda uansett. Så, medan sprintarane fer til Amerika eller Asia kunne ein arrangert tre verdscupar for mellomdistansar og langdistansar i Europa. For å gjera det lettare for fleire å ta på seg arrangement kunne ein gjera som i skisporten, dela eit par verdscuparrangement etter kjønn i tillegg så dei ikkje blir så store. Kva med verdscup mellomdistanse og langdistanse for kvinner i Arendal eller på Geithus om tre år? Og tilsvarande i Finland, Polen, Sverige, Austerrike, Sveits, Ungarn, Romania og på mindre stader i Italia, Nederland og Tyskland? Og kvifor ikkje køyra 5- eller 10. 000 m og 1500 m i mellomeuropa ein tysdag eller onsdag i februar etter ein sprintverdscup helga før i kort reiseavstand men to forskjellige stader? Det kan sikkert ordnast slik at dei som ønskjer kan gå både 1000 m og 1500 m. Flomlys kan og vera eit alternativ midt i veka. Det burde gå like bra på skeiser som i hoppbakken. Eg har større tru på utvikling og tilpassing av arrangementstypane enn lansering av svært mange nye konkurranseformer på stutt tid. Men med fleire verdscuprenn blir det lettare å presentera nye aktivitetar og.

Eg trur framlegget om europacup for dei nestbeste er ein god idé. Dei fleste skeisenasjonane har vel alt arrangement med stor nasjonal og litt internasjonal deltaking. Kva om tilskipingar som Odals-skøyta, Oscarløpet og tilsvarande i andre land kunne få innlagt europacup for senior og/eller junior? Men då må det vel bli nasjonal deltakaravgrensing? På ein del mindre stader ville også slike arrangement vekkja oppsikt og truleg trekkja meir publikum enn ein i dag er van med. Kva med ei nasjonal gruppe tidleg på dagen, så ei europacup-avdeling etterpå. Slik vil truleg mange løparar og leiarar bli publikum i den internasjonale biten og vera med og skapa stemning.

Samstundes trur eg ikkje ein skal ta for gitt at allround er så mykje meir populært enn einskilddistansar over heile verda. I Nederland - ja. I Noreg – kanskje. Tyskland, Russland og Sverige? I resten av verda har eg mistanke om at sprint og mellomdistansar er vel så populære. Og- det må eg seia: Det var no spennande å sjå Dimitrij Sjepel og Ådne Søndreål gå 1000-meteren mot asiatiske 500m-spesialistar, var det ikkje? Eg trur i alle fall at vi her i landet må laga eit meir permanent godt tilbod til sprintarane våre. Viss ikkje blir det truleg lenge mellom kvar gong ein norsk løpar kjem seg inn mellom dei tolv beste på sprintdistansar. Køyr Petter Andersen og Linda Olsen opp som bjøllekuer for eit nytt sprintlag med løparar av båe kjønna! Og la det bli eit juniorlag og! Hadde ikkje Tom Erik Oxholm eit delvis finansiert opplegg i vinter?

Og ein kan ikkje gløyma kvinnene, då misser ein både lisensbetalande aktive og publikum i framtida og! Så mange idrettskvinner det er her i landet så kan eg ikkje sjå anna enn at det har vore for dårlege haldningar til kvinner i skeisemiljøa her til lands når det ikkje er fleire aktive i hurtigløp. Men det ser ut som om noko er i ferd med å betra seg no. Ta godt vare på jenter og kvinner i alle aldrar. Det vil løna seg for sporten og er rett og riktig!

Forsøk på konklusjonar:

Arbeid for å få opp deltakartalet i allroundmeisterskapa til 32 snarast. Kompenser med å køyra to distansar på fredag ettermiddag (rett før eg sender dette ser eg at det blir slik i EM 2004) og kvartettstart på dei svakast seeda løparane på 5 000 m og 10 000 m slik at den samla arrangementstida går ned trass i auka deltakartal. Be ISU arbeida grundig med fjernsynsselskapa frå land som då får større deltaking i allroundmeisterskapa. Prøv å etabler allroundmeisterskapa som høgtider a la nyttårshopprennet i desse landa.

Utvid verdscupen: Køyr tre kjempehelger med alle distansane og så tre mindre arrangement for mellom- og langdistansane medan sprintarane fer til Amerika eller Asia. Splitt gjerne opp etter kjønn i tillegg for at fleire arrangørar kan ta på seg oppgåvene. ISU må leggja ekstra arbeid i å selja inn fjernsynsrettar til desse tre første arrangementa. Test ut forsøk på verdscup midt i veka i Europa i november/desember eller februar. Kort avstand til arrangørane i helgene før og etter.

Få til ei prøveordning med ein liten europacup knytt til allereie eksisterande arrangement.

Dessutan kan norske entusiastar laga litt meir show og reklame på førehand når det går føre seg eitkvart stort her i landet. Del ut flygeblad med opplysningar om dag og tid, og om korleis ein reiser kollektivt til arrangementet. Då ting skjedde på Bislett var det alltid norske supporterar å sjå på Egertorget og kring i Oslo sentrum. På Hamar har det alltid vore dødt i sentrum og ved jernbanestasjonen når eg har kome eit par timar før start. Her ligg ei oppgåve og ventar på Norwegian Supporter Team i samarbeid med idrettslag med skeisegrupper. Del ut flygeblad frå Tynset og Sør-Fron til Rakkestad og Arendal når det er verdscup eller meisterskap på Hamar! Skal eg døma etter det eg har sett så finst det folk med både stemmekraft og sjarm nok til å nå ut til andre. Eg melder meg gjerne til ein slik dugnadsgjeng. Men hornmusikken må andre ta seg av!