Det er noko som har undra meg med verdscup- og meisterskapsarrangement i Vikingskipet. Eg ser aldri stand for aktuelle organisasjonar, korkje inne heller ute. Aldri har eg sett at Norges skøyteforbund har reklamert for Skøytenytt, internettsidene, aktive skeisemiljø folk kan melda til. Aldri har eg sett ein stand for Norway Supporter Team. Det er vel plass for fleire medlemmer? Ledige plassar på turar til utlandet? WSSSA-Skøytenytt? Sistnemnde burde kunne selja bøker og abonnement. Samla kunne ein trekt denne gode målgruppa nærare og meir inn i skeisesporten. Dei fleste som er til stades er truleg interesserte i andre idrettar og. Er dei meir synlege mellom dei store hendingane blir folk lett meir knytte til desse.

Er det eit prinsipp som ISU eller Norges Skøyteforbund har innført at det ikkje er lov, eller er folk så opptekne av det som skjer på banen at ein gløymer at ein her har ein unik sjanse til å rekruttera medlemmar, litteraturkundar, heimesidebrukarar m.m. Byrjar nokre tusen personar til å bruka skeiseforbundet sine heimesider fast så har ein knytta til seg folk som alt i utgangspunktet er interesserte. Desse vil då kunne forsyna seg av meir i løpet av året, nye terminlister, boktitlar, turar, kurs, lekkjer til klubbar og andre nasjonale forbund. Aldri når ein så mange skeiseinteresserte på ein plass, og så rimeleg, som når fleire (eller mange!) tusen uorganiserte interesserte er samla under eit internasjonalt stemne.

I staden står det folk utanfor og sel fotballskjerf og og effektar til inntekt for andre idrettslag, som ikkje har skeiser på programmet. Det må vel vera misbruk av sjansar! Medan vi ventar på at media skal følgja skeisesporten tettare er organisasjonsbygging og informasjonsarbeid ikkje nokon dårleg aktivitet.